Hopp til innhold

Havyard Power & Systems endrar namn

Den norske satsinga på meir miljøvennlege ferjer og andre skip blir lagt merke til ute i verda. Det opplever verftskonsernet Havyard, som no i enda større grad vil bruke det norske i sin marknadsføring. For å nå ut i verda med sine nye produkt endrar dei difor namn frå Havyard Power & Systems AS til Norwegian Control Systems (NCS). Det trur Tor Leif Mongstad, dagleg leiar i NCS, vil vere med å sikre vidare vekst.