Hopp til innhold

Prest til Midsund

Prestestillinga i Midsund blir lyst ut i desse dagar. Møre bispedømme satsar på å tilsette ein ny prest i løpet av desember. Dårleg økonomi i bispedømmet har ført til uvisse om når ein ny prest kunne vere på plass. Sokneprest Stein Barlaup slutta i stillinga etter 24 år i Midsund i vår. Går alt etter planen, vil nye-presten vere på plass på Otrøya 1.januar i 2018.