Hopp til innhold

Byttar ut rista i fiskesperra

Miljødirektoratet vil bytte ut heile rista i den omstridde fiskesperra i Driva. Rista har gått tett og fleire har kome med krass kritikk av måten den er konstruert på. No må prestisjeprosjektet til 60 millioner kroner byggast om etter berre eit halvt års drift. Trass i dette let ikkje elveeigarar eller dei som bur i området seg roe ned på eit folkemøte torsdag. Dei manglar tillit til prosjektleiinga fordi det har kome lovnader før som det ikkje har blitt noko av.

Fiskesperra i Driva
Foto: Aleksander Båtnes / NRK