Sunndal asylmottak blir lagt ned
UDI har sagt opp kontrakta med asylmottaket på Sunndalsøra med verknad frå 1.oktober. Dei tilsette blei orientert om vedtaket i dag. Sjølv om siste avtaledag er 1.oktober blir det drift ved anlegget ut året. Det er 35 tilsette ved asylmottaket i Sunndal, skriv avisa Driva.