Hopp til innhold

Fare for steinsprang frå Mannen

Regnet det siste døgnet har ført til markant auke i rørslene i dei ustabile partia av Mannen i Rauma. NVE varslar difor om fare for steinsprang. Fjellet har flytta seg rundt 30 mm i øvre deler av det ustabile partiet det siste døgnet. No har regnet avtatt, og det er ikkje venta meir nedbør dei neste dagane. NVE skriv at dei følger situasjonen nøye, og vurderer fortløpande om farenivået må endrast.