Hopp til innhold

Blir henta av helikopter

Dei to personane som gjekk seg fast på fjellet Bispen ved Trollstigen blir no henta ned av redningshelikopter. Dei to fekk vanskar med å finne stien då dei skulle gå ned frå fjellet. Politiet har vore i kontakt med paret på telefon og opplyser at det er snakk om ein mann i 50-åra og ei kvinne i 40-åra. Dei to skal vere tilreisande.