Hopp til innhold

Undersøkte steinsprang

Personell på eit ambulansehelikopter undersøkte laurdag eit steinsprang på Skarfjellet i Innerdalen. Eit vitne hadde meldt frå om steinspranget. Vedkomande meinte han hadde høyrt skrik og vurderte det slik at nokon hadde falle frå fjellet. Då helikopteret kom til staden fann mannskapet fire fjellklatrarar. Klatrarane vise tommelen opp og helikoptermannskapet oppfatta situasjonen slik at ingen kom til skade under steinspranget, opplyser politiet.

Helikopter ved Skarfjellet i Innerdalen
Foto: Ronny Myrset

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL