Hopp til innhold

Ny runde om legesamarbeid

Bystyret i Kristiansund ber om ei ny runde for å forhandle om interkommunalt legesamarbeid med Averøy, Tingvoll og Gjemnes. Tidlegare har dei andre kommunane bede om at saka blir utsett og sendt til Ordførar- og rådmannskollegiet for Nordmøre. Kristiansund skal vere vertskommune for samarbeidet, men det er usemje om kor mykje den enkelte kommune skal betale for samarbeidet.

Bystyret i Kristiansund
Foto: Ann Eli Nøsen / NRK

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL