Hopp til innhold

Dømde for mishandling

To menn i 30-åra frå Sunndal er dømde til fengsel i ti og seks månader for å ha slått og mishandla ein annan like før jul i fjor. Midt på natta braut dei to seg inn til mannen, slo han og tok kvelartak på han, mellom anna for å hemne seg på eit tidlegare tjuveri. Ifølge dommen ber valden preg av overfall og mishandling.