Hopp til innhold

Ny Hødd-leiar

Oddmund Davik Otterlei er tilsett som ny dagleg leiar i Hødd Fotball, skriv klubben i ei pressemelding. Otterlei kjem frå stillinga som rektor ved Brattvåg Ungdomsskule. Han har mellom anna fungert i roller som trenar og styremedlem. Styreleiar Håvard Haanes i Hødd seier klubben gler seg til å arbeide i lag med Otterlei for å utvikle Hødd, både i breidde og topp.

Styreleiar Håvard Haanes og dagleg leiar i Hødd Fotball Oddmund Davik Otterlei
Foto: Hødd Fotball

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL