Hopp til innhold

Gir pengar til fellessjukehus

Regjeringa vil i statsbudsjettet neste år innvilge lånesøknaden frå Helse Midt om bygging av eit nytt sjukehus på Hjelset i Molde. Sjukehuset er eit fellessjukehus for Nordmøre og Romsdal. Lånesøknaden er på 3,5 milliardar kroner. Regjeringa held med dette fast på oppstart av byggestart i november 2018. Administrerande direktør Espen Remme i Helse Møre og Romsdal er svært godt fornøgd med desse signala.

Statsminister Erna Solberg (H) og adm.dir Espen Remme i Helse Møre og Romsdal
Foto: Frode Berg / NRK

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL