Køyrde i feil retning i rundkøyring
Ein eldre mann blir meldt for å ha køyrt i strid med trafikkreglane etter å ha køyrt feil veg i ei rundkøyring på Moa i Ålesund. Det melder politiet i Møre og Romsdal.
Ein eldre mann blir meldt for å ha køyrt i strid med trafikkreglane etter å ha køyrt feil veg i ei rundkøyring på Moa i Ålesund. Det melder politiet i Møre og Romsdal.
Riksveg 70 ved Rensvik i Kristiansund er opna for normal trafikk igjen, etter eit trafikkuhell med motorsykkel tidlegare fredag morgon. MC-føraren har truleg fått brot i ei arm.
Naudetatane har rykt ut til Freikollvegen i Kristiansund etter melding om eit uhell på motorsykkel. MC-føraren er vaken og får førebels hjelp av andre trafikkantar. Det gjer at riksveg 70 er stengt ved Rensvik. Omkøyring er i tett bebygd område, og dei som brukar denne vegen må difor vise omsyn.
I ein fartskontroll UP gjennomførte på europavegen ved Brastad i Vestnes seint torsdag kveld blei det skrive ut åtte forenkla førelegg. Høgaste fart i 80-sona var 115 kilometer i timen.
Ein person er frakta til legevakta for sjekk etter å ha hatt eit trafikkuhell med ein elsparkesykkel i Langmyrvegen i Molde. Det var berre ein person involvert i hendinga, opplyser politiet.
Etter flere tiår med diskusjoner, bestemte bystyret i Kristiansund at de skal innføre bompenger og starte arbeidet med den nye bypakken i kommunen. Prosjektet vil koste 1,9 milliarder kroner og skal sikre bedre trafikksikkerhet, bedre trafikksituasjonen for myke trafikanter og kollektivtrafikken. Bomavgiften skal dekke 1,5 milliarder av beløpet over 12 års nedbetalingstid. Vedtaket ble gjort med 27 mot 18 stemmer.
Politiet melder at det skal ha skjedd ei trafikkulykke på fylkesveg 5914 i Sykkylven i dag. Ein sykkel og ein MC skal ha kollidert. Det blir oppretta ei sak og ei patrulje frå politiet skal etterforske saka.
Atlanterhavstunnelen blir heilt stengt mellom klokka halv åtte og halv ti i kveld. I tillegg blir den stengt med kolonnekøyring gjennom heile natta.
Grunnen er at fylkeskommunen og naudetatane skal ha ei beredskapsøving inne i tunnelen.
– Brann og ulykker inne i tunnelar er ei stor utfordring for naudetatane. Difor er det viktig at naudetatane får øve på hendingar, seier brannvernleiar Geir M. Larsen, brannvernleiar i Møre og Romsdal fylkeskommune.
Tre bilar var involvert i eit trafikkuhell ved Lerstad skule i Ålesund. Ifølge politiet er det ikkje snakk om personskade, men det skal vere mindre skader på køyretøya.
Politiet melder om eit trafikkuhell ved Lerstad skule i Ålesund. Skadeomfang er så langt ukjent.
Den som mener seg rammet av urettmessig publisering, oppfordres til å ta kontakt med redaksjonen. Pressens Faglige Utvalg (PFU) er et klageorgan oppnevnt av Norsk Presseforbund som behandler klager mot mediene i presseetiske spørsmål.