Hopp til innhold

Innfører tiltak på Seivika-Tømmervå

Under spelet «Fru Guri av Edøy» 13.-16. juli vil det ikkje bli prioritert farleg last på avgangane knytt til førestillingane. Det er Møre og Romsdal fylkeskommune som har gått ut med ei oppfordring til transportørar av farleg last (gass) på ferjesambandet Seivika-Tømmervåg. Frå og med 17. juli skal transport av farleg last på kvardagar berre bli prioritert på avgangane til B-ferja. På laurdagar vil ikkje farleg last bli prioritert på avgangar frå Seivika etter klokka 10.30 og frå Tømmervåg før kl. 12.30. På søndagar vil farleg last bare berre bli prioritert på avgangar med B-ferja.

Gassproblem på ferge
Foto: Eirik Haukenes / NRK