Hopp til innhold

Ny rådmann tidleg i haust

Det er viktig å få på plass ny rådmann for nye Molde kommune raskt, seier ordføraren i Molde, Torgeir Dahl frå Høgre. Molde, Nesset og Midsund er i full gang med å bygge den nye storkommunen, og no er fellesnemnda oppnemnd. Den har sitt første møte på onsdag og tilsetting av ny rådmann blir ei viktig oppgåve for fellesnemnda. Dahl håpar at den nye rådmannen vil vere på plass tidleg i haust.

Rolf Jonas Hurlen, Torgeir Dahl, Odd Helge Gangstad
Foto: Trond Vestre / NRK