Hopp til innhold

Sommarrute for Sølsnes-Åfarnes

Måndag 12. juni vil ferjesambandet Sølsnes-Åfarnes starte med to ferjer på strekninga, opplyser fylkeskommunen. Løysinga varer fram til 18. september, og sommarperioden er dermed lengre enn tidlegare. Bussrutene blir også endra, for å korrespondere med ferjene.