Hopp til innhold

Farleg last, færre passasjerar

I ferjeruta mellom Brattvåg - Dryna - Fjørtofta - Harøya, blir det ein avgang i morgon der berre 25 passasjerar får vere med, melder Fjord1. Det gjeld avgangen frå Brattvåg klokka 10:40. Då skal ein bil med farleg last vere med på ferja, og difor kan maks 25 passasjerar vere med på same turen.