Hopp til innhold

Vil ha ferje Aure-Hitra

Fylkesordførarane i Møre og Romsdal og Sør-Trøndelag har sendt eit felles brev til Stortinget med krav om ferjesamband mellom Aure og Hitra.

Ei slik ferje vil styrke regionen og no må staten godkjenne sambandet, heiter det i brevet frå Jon Aasen og Tore O. Sandvik.

Dei to fylkesordførarane bed om at sambandet kjem inn under ordninga for nasjonale tilskot til ferjesamband.