Hopp til innhold

Røyk frå feiebil

Både brannvesen og politi rykte ut då det byrja å ryke frå ein feiebil på fylkesveg 64 i Årødalen i Molde rundt midnatt. Det viste seg å vere kombinasjonen oljelekkasje og varme komponentar i bilen som førte til røykutviklinga. To personar blei sende til legesjekk.