Hopp til innhold

To intimkonsertar med A-ha

A-ha skal ha to intimkonsertar på Giske 22. og 23.juni, melder smp.no. Då det førre månad blei kjent at bandet skulle kome til Giske var ikkje detaljane i programmet klart. På heimesida si har dei no gjort klart at det blir to akustiske show, og eit avgrensa tal billettar blir lagt ut for sal komande måndag.

A-HA
Foto: MARTIN BERNETTI / AFP

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL