Hopp til innhold

Treng eigen kompetanse

Møre og Romsdal politidistrikt ønskjer å byggje opp ein eigen spesialkompetanse på skred og fjell. – Den spesielle geografien med mange rasutsette område gjer dette nødvendig, seier politimeister Ingar Bøen. Politiet vil bygge opp eit fagmiljø på indre Sunnmøre som Bøen seier er det området i fylket som har dei største utfordringane med fjell og skred.

Ingar Bøen
Foto: Trond Vestre / NRK