Trafikken i Ålesund
Ein mann i 20-åra er meldt for bilkøyring i Ålesund sentrum, utan at han hadde førarkort. Ein annan bilførar er meldt etter å ha køyrt inn i ein lyktestolpe. Ifølge politiet er det ikkje snakk om rus, men dei tok likevel hand om førarkortet til vedkomande. To personar blei sende til legevakta for sjekk.