Hopp til innhold

Psykolog utan godkjenning

Helsetilsynet har opna tilsynssak mot ein mann i Romsdal som er mistenkt for å gitt seg ut for å vere psykolog og behandla pasiantar, utan å ha nødvendig godkjenning. Fylkeslege Karin Müller Mikaelsen opplyser til rbnett.no at dei hadde ei liknande tilsynssak mot same person i 2012. Helsetilsynet har bede om dokumentasjon på bruken av yrkestittelen, men har enno ikkje fått noko svar på mannen.

Portrett Karin Müller Mikaelsen
Foto: Fylkesmannen