Hopp til innhold

30 permitterte tilbake i arbeid

30 av dei permitterte i reiarlaget Olympic i Herøy får tilbake jobben. Olympic-sjef Stig Remøy seier til nettstaden Sysla.no at betre tilgang på kontrakter i heile marknaden er årsak til at dei no kan sette inn att ankerhandteringsfartøyet Olympic Pegasus. Reiarlaget har no seks skip i opplag.