Til obduksjon i dag
Mannen som blei funnen død nær flyplassen på Kvernberget i Kristiansund skal obduserast måndag.
Politiet hadde kriminalteknikar på staden søndag - utan avgjerande resultat så langt.
Politiet har snakka med fleire vitne, men det har så langt ikkje kome opplysningar om kven mannen kan vere eller kva som kan ha skjedd.