Hopp til innhold

Vil ha vaksne søkarar også

Berre eit fåtal vaksne har så langt søkt om opptak i det nye tilbodet om landbruksutdanning for vaksne på Gjermundnes vidaregåande skule. Skulen tilbyr ei toårig utdanning for 14 personar basert på todagars samlingar, kombinert med nett og sjølvstudium. Rektor Aadne Haarr trur manglande kjennskap til utdanninga er årsaka til at fleire ikkje har meldt si interesse.

Elevar ved Gjermundnes landbruksskule
Foto: privat