Hopp til innhold

Nedslåande resultat

Berre ein person i Møre og Romsdal fekk gebyr for ikkje å bruke belte i buss då vegvesenet hadde ein stor aksjon i Midt-Noreg førre uke. Dei fleste kontrollane var i Trøndelagsfylka, og der blei 110 bøtelagde. I alt blei 1345 busspassasjerar kontrollerte, men berre 17 av dei her i fylket. Vegvesenet konkluderer med at resultatet av aksjonen var nedslåande.

Belte i buss
Foto: Rune Kjær Valberg / NRK