Hopp til innhold

Bil av vegen

Ei kvinne fekk skadar i ansiktet då ein bil køyrde av vegen i Tingvoll rett før klokka 12. Ulykka skjedde på fylkesveg 304, mellom Vågbø og Holmeide, melder politiet. Føraren, som var åleine i bilen, blir køyrt til Molde sjukehus i ambulanse. Bilen ligg utanfor vegen og er ikkje til hinder for anna trafikk.