Hopp til innhold

370 timar med overgrepsfilmar

Ein romsdalsmann i 40-åra er dømd til fengsel i fire månadar for ha lasta ned og distribuert store mengder pornografisk materiale der barn blir utsette for overgrep og seksualiserte, skriv rbnett.no I Romsdal tingrett vedgjekk mannen at han hadde lasta ned rundt 2.700 bilete og 1.600 filmar over ein periode på tre år. Borna som blei viste, var frå eitt-årsalderen og opp til tenåra,og overgrepa mot dei var til dels svært grove. Saka skriv seg frå 2013, og fordi det har teke så lang tid fram til dommen no ligg føre, fekk mannen straffa sterkt redusert. Manglande ressursar i politiet gjorde at saka har teke så lang tid.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL