Hopp til innhold

To pågripne etter truslar

To menn er pågripne i Kristiansund etter ein trusselsituasjon på Nordlandet. Dei skal ha tatt seg inn i eit husvære der ein tredje mann følte seg trua og melde frå til politiet. Politiet veit ikkje kva truslar det var, men seier at mennene høyrer til eit miljø dei er kjende med.