Hopp til innhold

Dømt for trygdesvindel

Ei kvinne i 30-åra fra Molde er i Romsdal tingrett dømt til 75 dagars fengsel for trygdesvindel, der 60 av dagane er på vilkår. Ho fekk utbetalt over 180.000 kroner meir i dagpengar enn ho hadde krav på. Ho jobba som tilkallingsvikar som helsearbeidar. Då ho fekk færre vakter, meldte ho seg arbeidsledig. På meldekortet til NAV oppga ho å jobbe færre timar enn ho hadde gjort.