Hopp til innhold

Møte om avisdistribusjon

Samferdselsministeren vil ha ein grundig gjennomgang av kor mange som ikkje får laurdagsavisene i postkassene sine. Mediebedriftenes landsforening, og distributøren Kvikkas, var usamde om tala då dei møtte hos statsråden i dag. Ålesundsbaserte Kvikkas tok over distribusjonen av laurdagsaviser tidleg i november, og også her i fylket har både aviser og abonnentar klaga på manglande levering.

Ketil Solvik-Olsen
Foto: Jane Rasmussen / NRK