Hopp til innhold

Framleis mykje nedbør

Meteorologisk Institutt varslar framleis mykje nedbør i dagane som kjem. Søndag er det venta lokalt 30-55 millimeter på 12 timar. Dette er litt mindre enn det som var varsla tidlegare i helga, men inneber at det framleis kan vere fare for flaum og skred.