Hopp til innhold

Blei ikkje samde

Nordmørslista vil bruke meir tid på å avgjere om dei skal stille eigen liste til stortingsvalet neste år. I kveld var det medlemsmøte. Mette Belden som er gruppeleiar for Nordmørslista i fylkestinget, seier det er usemje. Nordmørslista gjorde eit brak val under fylkestingsvalet i fjor, og ville ha fått eit stortingsmandat i Møre og Romsdal dersom det hadde vore stortingsval.