Hopp til innhold

Leitar etter kvinne i Kristiansund

Politiet i Kristiansund leitar etter ei kvinne i slutten av 60-åra, som har på seg ei raud jakke. Kvinna har vore sakna sidan i 11-tida laurdag, og både Røde Kors, brannvesen, hundar, helikopter og redningsskøyta deltek i søket. Politiet ber om tips frå publikum. Dei mistenker ikkje at noko kriminelt har skjedd.