Hopp til innhold

Bergsøy skule opna att

Bergsøy skule, Borga, har opna att etter å ha vore stengd sidan 11. oktober på grunn av funn av asbest.

Tysdag 11. oktober blei skulen stengd etter mistanke om spreiing av asbesthaldig støv i samband med byggearbeid.

Andre testrunde viste ikkje spor av asbest, og skulen vart opna att i dag.

Bergsøy Skule
Foto: Herøy kommune