Hopp til innhold

Dømt til fengsel for gruppevald

Fem menn frå Sunnmøre er dømt til fengsel for vald mot ein person i september i fjor. Tre av mennene blei dømt til 5 månaders fengsel, medan to andre menn fekk henholdsvis 65 og 105 dagar fengsel. Dei fem mennene må i tillegg betale ei erstatning på 8210 kroner til mannen som blei banka opp.