Hopp til innhold

Ja til større regionar og kommunar

Næringslivet på Nordmøre meiner det er svært viktig at det blir større regionar og kommunar. Det kjem fram i ei medlemsundersøking som Kristiansund og Nordmøre næringsforum har gjort. Eit stort fleirtal vil høyre til ein region Midt-Norge. Leiar for næringsforumet, Finn Backer, er overraska over at over halvparten av dei 116 medlemmane vil at Nordmøre skal gå aleine til Trøndelag.

Leiar i Kr.sund og Nordmøre Næringsforum, Finn Backer
Foto: Anne-Mari Flatset / NRK