Hopp til innhold

Justin Bieber til Ålesund?

Fredag og laurdag kveld heldt Justin Bieber konsertar på Telenor Arena som ein del av sin Purpose-turné. Fridagen skal 22-åringen ha brukt på å utforske Norge og tidlegare i dag melde TV2 at popstjerna hadde tatt turen til Sogn og Fjordane. No ryktast det også at privatflyet til Bieber skal vere observert på Vigra lufthamn i Ålesund. Men ifølgje flyplassen stemmer ikkje det.

Justin Bieber i Telenor Arena
Foto: Kim Erlandsen / NRK P3