Hopp til innhold

Ingen pågripne i Ulstein

Politiet har ikkje pågripe eller avhøyrt nokon i samband med innbrota i Ulstein i førre veke. To menn blei etterlyste i samband med innbrota, men ingen har tatt kontakt med politiet så langt, seier etterforskingsleiar Grete Hjelle. Før helga blei det gjort fire innbrot i privathus i Ulstein på dagtid og felles for dei alle var at det blei stole lettomsettelege verdigjenstandar som var lette å ta med seg.

Grete Hjelle
Foto: Andrine Davidsen