Hopp til innhold

Kritiske til kakeutdeling

Mattilsynet er kritiske til at Valaker denne veka delte ut smaksprøver frå kaker det blei reklamert på. Seksjonssjef Lennart Floyd Berge seier på generelt grunnlag at dette ikkje er greit fordi bakeriet då ikkje har kontroll på kva som har skjedd med kakene i mellomtida. Det blei i går kjent at to dåpskaker som blei levert inn igjen, blei brukt som smaksprøver for uvitande kundar på Moa, og dette har vekt sterke reaksjonar. Floyd Berge seier dei har fått ein formell klage på saka.

Dåpskakene til Therese Ekroll Blindheim
Foto: privat