Hopp til innhold

Brann i fritidsbåt

Ein båteigar melde sjølv frå om ein brann i båten sin laurdag kveld. Mannen var ute på sjøen då det byrja å brenne i motorrommet på båten. Han greidde sjølv å få båten trygt tilbake til land. – Det var fleire personar i båten då brannen starta. Dei pusta inn litt røyk, men skal vere uskadd, seier Frode Gjøsund, operasjonsleiar for politiet i Nordmøre og Romsdal.