Hopp til innhold

Ber fylkestinget bruke skjønn

Fylkespolitikar Erik Kursetgjerde frå Arbeidarpartiet ber no fylkestinget sørge for at elevar ikkje får fråver for viktige deler av køyreopplæringa. I dag varierer reglane frå fylke til fylke, og til dømes i Sogn og Fjordane slepp elevane fråver når dei køyrer opp. Kursetgjerde ber fylkespolitikarane i Møre og Romsdal sørge for at det blir slik også her.

Erik Kursetgjerde
Foto: NRK