Hopp til innhold

Sauene fall ned frå fjellside

Dei to sauene som har stått fast ved Seljebotn i Stordal, har truleg falle ned. Fleire bønder var måndag kveld ute og leitte etter dei, men måtte gje opp i det dårlege veret. På veg ned igjen var ikkje sauene lenger å sjå, og leitemannskapet konkluderer med at dei har sklidd utfor den bratte fjellhylla.