Hopp til innhold

Meir motgang for Havila

Havila Shipping i Herøy hadde eit resultat før avskriving på 111 millionar kroner i andre kvartal, mot over 200 millionar i same periode i fjor. Inntektene gjekk samtidig ned frå 408 til 260 millionar. Samtidig melder Havila at dei har mist ein kontrakt med Petrobras i Brasil, som skulle gått til oktober 2018.