Hopp til innhold

Rørslene har gått ned

Rørslene i det rasutsette fjellpartiet i Mannen i Romsdal har gått ned i natt, seier geolog Lars Harald Blikra i NVE. Mykje nedbør og auka rørsler gjorde at farenivået blei heva, og dei som bur i området evakuerte i går. Temperaturen har gått ned, og nedbøren kjem no som snø, noko som spelar inn på rasfaren. Men, ein må framleis vere på vakt, seier Blikra.