Hopp til innhold

Aktuell for Molde HK

Danske Morten Holmen er ein av tre aktuelle trenarar for Molde handball, skriv rbnett. Holmen har mellom anna trent Halden opp frå 2.divisjon til eliteseriespel. Både Holmen og dei to andre kandidatane har besøkt Molde, og håpet er at ein av dei skal trene laget opp igjen til eliten.