Hopp til innhold

Fleire undersøkingar måndag

Politiet held fram med både den taktiske og tekniske undersøkinga på gamle Bruvoll skule i morgon. Natt til laurdag blei den ledlagde skulen på Bruhagen i Averøy forsøkt påtent, og det blei gjort omfattande hærverk og ruteknusing. Politiet var på staden laurdag og sikra spor. Dei ønskjer framleis tips frå folk som kan ha sett eller høyrt noko.

Bruvoll skole
Foto: Politiet