Hopp til innhold

Sætre attvald som leiar i Målungdom

Synnøve Marie Sætre (25) frå Ørsta blei attvald som leiar i Målungdomen under Norsk Målungdom sitt landsmøte denne helga. Ho får i oppgåve å leie ungdomsorganisasjonen vidare det neste året. – Året som leiar har berre gjort meg endå meir engasjert i målsaka, og eg ser fram til å leie organisasjonen og vere med på å setje dagsorden i språkdebatten i året som kjem, seier Sætre.

Synnøve Marie Sætre
Foto: Ole Gunnar Dybvik