Hopp til innhold

I fengsel etter promillekøyring

Ein mann frå Sunnmøre er dømt til fengsel i 24 dagar og må betale ei bot på 24.000 kroner etter ei promillekøyring i januar i år. Køyreturen enda då mannen i 30-åra køyrde inn i ein lyktestolpe. Mannen må difor også betale 65.00 kroner i erstatning til Stranda Energi. Blodprøve tatt tre timar etter køyringa viste 2 i promille.