Hopp til innhold

400 utan straum

Driftssentralen til Mørenett opplyser at dei til saman hadde tre feil på nettet i løpet av søndagen. Blant anna fekk Sogn og Fjordane Energi ein feil på si linje til Austefjorden, og i tillegg datt eit tre over ei straumlinje i same området. Rundt 400 kundar vart utan straum i fleire timar i på Folkestad, i Dalsfjorden og i Austefjorden i Volda. Mørenett melder at straumen skal vere tilbake seinast klokka 22.